Lysa er tende for oss alle, for Anden som skal komme! "Pinse, eg får ikkje heilt grep om det" høyrde eg i går. Det var godt formulert tenkte eg! Det er vel slik det er; vi får ikkje heilt grep om Anden, det er slik Anden er. Nokre har fiffi repliserte at det er han som grip oss! Eller eg tenker at vi får ikkje grep om Anden fordi Andens vesen er at han kjem, meir en at vi har han. Vi får meir enn vi eig…
Elden på døra opp til galleri og tårn, kan jo minne om at han kjem ovanfrå. Eg tenkjer med Grundtvig at at han kjem når vi syng, kjem som glede! Og no er vi endeleg der: 1. pinsedag kan vi kome saman og synge, alle desse pinsesongane som lyfter stemninga.
Om det er noko eg verkelg forbind med pinsa så er det høgstemt salmesong! For å la Grundtvig får seie det i salma "Apostlene satt i Jerusalem :" Da viste seg tunger som ild og glød, Guds Ånd la dem ord i munnen. På folkens tunger Guds ord gjenlød, mangfoldig men ens i grunnen. "
Sigmund Årseth skal også få ein takk i dag for alle dei flotte motiva som har inspirert meg desse månadene. Han hadde sin faste plass der oppe like ved orgelet. - Eli Vatn